Loftesnes

Loftesnes Hytter kan tilby 7 hytter.  Fire av hyttene har 1 soverom med sengeplass til fem personar, og 2 hytter har 1 soverom med sengeplass til fire personar.  I tillegg har vi ei større hytte, ”Naustet”, som vart opna summaren 2002.  Denne har 3 soverom med sengeplass til sju personar.  Alle hyttene, inkl.”Naustet”, har stove med fullt utstyrt kjøkkenkrok, dusj og toalett.  Alle hyttene har fjernsyn.  Hyttene er ikkje utstyrt med sengetøy.

Hyttene ligg fint til ved fjordkanten like etter at ein har passert Loftesnesbrua på veg mot Kaupanger. Flott utgangspunkt for turar på sjøen og fjella omkring.  Det er ca. 10 minuttar gangavstand til sentrum.