Fjordane & Sogn

Aktiviteter

Vandring

Haflo Sogn og Fjordane

Fjella i Nordfjord ruvar frå nokre få hundre meter til knappe to tusen meter. Her finn du over 230 turløyper i variert naturterreng. Velg mellom toppturar, naturstiar eller kulturstiar.

Sommarski
Høge fjell og nordisk klima gjer skikøyring mogleg nesten heile året i Nordfjord. Ved Gamle Strynefjellsvegen, ligg Nord-Europas beste sommarskianlegg; Stryn Sommerskisenter.

Brevandring
Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Briksdalsbreen og på Bødalsbreen, der du på nært hald kan oppleve intense blåfargar og levande formasjonar i breen.

Fiske, jakt og fangst
Nordfjord er eit eldorado for fiskeinteresserte. Nordfjord er “Fjorden med dei sju elvane”, og har vore eit ynda reisemål for engelske fiskelordar. Innsjøar, elvar, fjord eller hav – valget er ditt.

Sykling
I Nordfjord ligg vegane å ventar på akkurat deg. Her kan du sykle på gamle kjerrevegar der det sjeldan er trafikk, eller du kan sykle langs lite trafikkerte vegar som svingar seg opp gjennom dalane.

Golf
Golfsporten er også komen til Nordfjord. Sjå føre deg grøne baner, omkransa av sildrande elvar og høge fjell. Fire stader i Nordfjord kan ein tilby golf til lokalbefolkninga og dei tilreisande.

Vannaktivitetar
Hav, brusande elvar og stlille innsjøar legg forholda til rette for aktive opplevingar. Velg mellom dykking, rafting, bading, surfing, kano- og kajakkpadling.

Fjordhestriding
Fjordingen er Nordfjord sin eigen hesterase, og fleire stader i Nordfjord kan rideinteresserte oppleve vakker vetlandsnatur frå hesteryggen. Ridetimar, dagsturar, rideleirar.

Dale Sogn og Fjordane

Båtturar
I Nordfjord kan vi tilby ulike fiske- og sightseeingturar, både på innsjøar, på fjorden eller til havs.
Helse og velvære
To av hotella i Nordfjord tilbyr flotte badeanlegg og Spa/Thalasso behandling. Spa tyder “helse gjennom vatn” og har i hundreår handla om mineralhaldig vatn, varme kjelder og avspenning.
Vinteraktivitetar
I perioden frå november/desember til april er vanlegvis snøforholda i Nordfjord gode. Du finn flotte skianlegg tilpassa dine behov. Her finn du oversikt over kva anlegg som finst i Nordfjord.
Buldring og klatring
Fleire stadar i Nordfjord kan du klatre. Enten utandørs i klatrefelt, buldring på kampesteinar i Oldedalen eller innandørs i klatreveggar. Her er noko for einkvar smak.

Attraksjoner

Fjord og hav
I følgje National Geographic er norske fjordar er det beste reisemålet i verda. Du kan nyte fjorden i båt eller i fjæra, eller frå utsiktspunkt og fjelltoppar. Køyr Panoramavegen eller utover mot kysten. Besøk Vestkapp, Norges vestlegaste punkt med fastlandsforbindelse.

Opplev kysten
Nordfjord si kyststripe er rik på opplevingar. Bli med til Kråkenes Fyr og opplev havet på nært hald. Stå på Vestkapplatået og nyt utsikta. Besøk gamle handelsstadar eller spennande øyer, eller gå berrføtt i kvit sand

Fjell og Bre

Olden Sogn og Fjordane

I Nordfjord glitrar breane mellom smale dalar. Med sine 487 m2 er Jostedalsbreen den største breen på det europeiske fastlandet. Dei mest kjende brearmane er Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. Stryn Sommerskisenter er også basert på ein bre. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om landskapet rundt breen.

Vatn og fossar
Jostedalsbreen set farge på elvane og vatna våre, ein heilt spesiell grønfarge som du berre finn nær breen. Her finn du også Europas djupasje innsjø, Hornindalsvatnet. Frå fjella, som omkransar vatna, buldrar fossane som kvite slør

Historie og Kultur
Dei mange musea og galleria er nokre av stadane du kan ta del i kulturen vår. På den sagnomsuste øya Selja kan du få høyre historia om St.Sunniva. Eller kanskje du vil gå i sporet til vikingane?
Bilturar i Nordfjord
Ein fin måte å oppleve Nordfjord på er i bil. På denne måten når du over større område, og får sett alt det flotte og varierte Nordfjord har å by på.

Hjelle Sogn og Fjordane

 

Drømmen om egen hytte